Påskebrev frå Jon Rolf
Postet av Hyen IL den 17. Apr 2025
Lesarbrev – Skisesongen 2024/25
Hei alle sponsorar og bygdefolk! Eg vil gjerne dele nokre tankar om årets skisesong og vegen vidare.
Etter ein tung start på fjorårets sesong, merka eg allereie i starten av desember at noko ikkje stemde under renn. Muskulaturen stivna raskt, og eg fekk smerter i mage- og brystregionen når eg pressa meg under skirenn. Etter fleire runder med fagfolk, viste det seg – ved hjelp av ultralyd – at psoas major-muskelen var overbelasta og skadd.
Eg vart derfor tvungen til å ta det roleg i eit par månader, og måtte halde meg unna hard trening. Fokus blei fort snudd frå å skulle prestere på topp, til å bli heilt skadefri. Men eg skal vere ærleg: To månader med redusert trening set kven som helst tilbake, også ein toppidrettsutøvar. I slutten av februar stod eg igjen på startstreken, men resultata uteblei.
Det har vore ein spesiell vinter med få renn for min del, men eg fekk likevel nokre oppturar mot slutten av sesongen. Blant anna med ein 3. plass i Skøytebirken og 13. plass i Engadin Skimaraton i Sveits. Det gav meg ny motivasjon.
Eg ser tilbake på ein av dei svakaste sesongane eg har hatt, og det gjer at eg har brukt den siste tida godt. Eg er framleis svært motivert, og kjenner at eg ikkje er klar for å legge skia på hylla heilt enno. Men for å lukkast, treng eg ei endring – både i trening, og i strukturen rundt satsinga mi.
Difor har eg bestemt meg for å gjere ei større omlegging. Eit viktig grep er å gå tilbake tiltrenaren eg hadde som junior: Geir Endre Rogn. Han var trenaren min i fire år, og vi oppnådde svært gode resultat saman. Geir Endre har òg vore landslagstrenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn.
For å få til dette, må eg også stå utanfor forbundslaget Elon vest. Dei har strenge reglar når det gjeld bruk av eigne trenarar. Valet var difor enkelt: Eg vil satse åleine og halde fram med å representere Hyen IL.
Denne endringa vil gjere meg godt. Eg får større fridom til å styre kvardagen og bygge meg opp igjen gradvis. I tillegg får eg no høve til å synleggjere mine eigne sponsorar på ein betre måte – både under skirenn som vert sende på TV, og i kvardagen gjennom treningsklede og sosiale medium. Eg ønskjer å vere ein god ambassadør for dei som vel å støtte meg, og håpar at så mange som mogleg av dykk vil vere med på laget vidare.
Det vart eit langt lesarbrev denne gongen, men eg håpar de set pris på ei oppdatering og mine tankar om vegen vidare. Det kjem fleire oppdateringar utover våren og sommaren om korleis det går.
Eg ønskjer alle ei riktig god påske!