Livredning på idrettsskulen 4.-7.kl
Postet av Hyen IL den 4. Mar 2015
| Livredning på idrettsskulen 4.-7.kl |
| Av Anne Berit S. |
| Onsdag 4. mars satsar vi på ei ekstra lang bassengøkt (ikkje gymsal først) med aktivitetar som har med livredning å gjere. Vi blir i bassenget frå 17.30 og er ute att til 19.30. Sidan vi er mange må enkelte ting gjerast puljevis i bassenget medan resten er publikum. Ta med redningsvest og klede; langbukse og gensar/skjorte/jakke. Redningsvest og klede må vere reine, og av ein type som ikkje loar. Bruk "teknisk tøy", det er klede av stoff av den typen som er i det meste av treningstøy og badetøy. Ikkje bruk bomull, det lagar mykje lo i bassenget. Vi kjem til å sjekke kva de har på i bassenget før de hoppar uti, så ta gjerne med nokre alternativ om de er usikre. Livredning handlar om å kunne berge både seg sjølv og andre i ein kritisk situasjon, og det er nyttig å få teste ut korleis ein redningsvest fungerer i vatnet. Vi kjem til å gjere mykje av det same som vi gjorde i fjor, men det er jo komne mange nye på idrettsskulen, og dei som har prøvd det før, får meir trening... |
Siste fra Hyen IL
Julehelsing frå Jon Rolf
23.12.2025
Haustoppdatering frå Jon Rolf
24.10.2025
Idrettsbasar
17.10.2025
Sommarbrev frå Jon Rolf
04.08.2025
Påskebrev frå Jon Rolf
17.04.2025
Årsmelding for Hyen Idrettslag 2024
16.02.2025