Idrettsstipendet 2016
Postet av Hyen IL den 14. Nov 2016
Magni Aa Berge deler ut stipendet til Marius Rygg.
Idrettsstipendet for 2016 blei tildelt Marius Rygg under den årlege idrettsbasaren til Hyen Idrettslag som blei arrangert søndag den 13. november.Dette er eit stipend som er gitt av Olav Hjorteset, og som kvart år skal gå til ein idrettsutøvar mellom 15 og 25 år frå Hyen.
Begrunnelsen for tildelinga:
"Stipendetfor 2016 går til ein person i idrettslaget som ei verkeleg eldskjel. Han brukar mykje tid på andre med tilrettelegging av aktivitet, instruksjon og fagkunnskap innan idrett og mosjon.
Han er ein synleg person i idrettslaget, og eit førebilete for mange.
Slikt engasjement blir høgt verdsett i Hyen Idrettslag. Dei siste par åra har han vore eit friskt pust inn på fotballaget som aktiv spelar, på trening og kampar.
I tillegg til alt dette har han mange gode resultat å vise til i t.d Ungdomsmesterskap i friidrett, og ikkje minst ein 5. plass i tresteg frå Junior NM.
Vi håpar at stipendet kan være ei oppmuntring til vidare prestasjonar og resultat for han, og vidare innsats i idrettslaget, og at dette kan være motivasjon for andre."
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Hyen IL
Oppdatering frå Jon Rolf før ny skisesong
01.11.2024
Ny helsing frå Jon Rolf
14.08.2024
Lesarbrev frå Jon Rolf
05.03.2024
Årsmelding for Hyen Idrettslag 2023
20.02.2024
Lesarbrev frå Jon Rolf
02.11.2023